Åpningstider

Torsdag til Lørdag
10.00 - 18.00

Stengt nå

Pralina

Pralina åpner snart her på fabrikken! Følg med for åpningsdato! MED ENGASJEMENT FOR Å GLEDE Med bakgrunn i gode minner frå besteforeldra starta gründeren, Trude Vadset Huse, sin sjokoladefabrikk på Emblem i Ålesund i 2014. «Då besteforeldra mine, Mathilde og Johannes Vadset, gifta seg på 1930-tallet, var kjærteikn noko som høyrde privatlivet til. Gjennom heile det lange ekteskapet deira, viste Johannes sin kjærleik overfor Mathilde ved å vekke henne kvar morgon med ein kopp kaffi og ein sjokolade på sengekanten.» Gjennom heile karrieren min som kokk, har smak og opplevingar stått i fokus. Som slikkmunn med sansen for det søte, ville tilfeldigheitene det slik at eg skulle ta over sjokoladefabrikken Pralina i 2019. Slik fekk eg vidareføre sjokoladeeventyret i rustikke og inspirerande omgjevnader på Devoldfabrikken. Her lagar eg pralinar av ypparste kvalitet. I tillegg til karamell, mokka og molter er pralinane fylt med lokale bær og honning, noko som gir ei sanselig smaksoppleving. Velkommen innom for en smaksrik opplevelse!